28. august er det premiere på filmen "Bølgen" som også er  spelt inn i Hjørundfjorden.

I samband med dette etterlyser no kinosjef Janne Grytten Skarstein lokale statistar som var med i innspelinga.

– Det var med lokale statistar både på ferja mellom Sæbø og Lekneset og på Maude mellom Urke og Øye i Norangsfjorden. Det er moro at ein del ørstingar er med i filmen.

- Eg håper at alle statistane dukkar opp på premieren på Ørsta kino 28. august. Saman skal vi finne på noko kjekt, seier kinosjef Skarstein. Ho oppmodar dei lokale statistane om å ta kontakt i høve premierefesten.

Framsyningar

Det er sett opp to framsyningar av "Bølgen" på premieredagen. Og så lenge det er interesse for å sjå filmen, kjem han til å gå på Ørsta kino.

– Eg reknar med stor lokal interesse for filmen. Vi har allereie byrja å selje billettar, seier Skarstein.

Bølgen er eit norsk actiondrama, ein katastrofefilm og ein fiksjonsfilm som handlar om eit tenkt ras der ein følgjer ein familie i det som skal bli den mest dramatiske dagen i deira liv.

Bølgen er regissør Roar Uthaugs fjerde spelefilm. Han har tidlegare regissert Fritt Vilt (2006) og Flukt (2012) for Fantefilm fiksjon, i tillegg til Julenatt i Blåfjell (2009). Hovudrollene er det Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp som har.