For ordførar Rune Hovde er friluftsliv det å kome seg ut i nærområdet. Og særleg likar han å setje seg på sykkelen.

– Eg syklar både på setrevegar og langs landevegen. Romedalen er favoritten, men eg likar også gode landeveg, seier ordførar Rune Hovde.

Han er aktiv i friluftslivsåret, for å år skal han m.a. sykle Trondheim – Oslo. Då må det førebuingar til, og eit visst tal timar på sykkelen før rittet er ein føremon. Rittet skal vere 19. til 21. juni.

Hovde var tidlegare konkurranseskyttar, men har siste åra konsentrert seg om syklinga. Då syklar han åleine, saman med venner – eller tek seg ein tur saman med familien.

– Men hugs at sykling gjer du i trafikken. Ver observant, insisterer Hovde.

SJÅ EPISODE 1: Ut på tur i Ørsta

SJÅ EPISODE 2: Her har dei funne paradiset

SJÅ EPISODE 3: Friluftsliv utanfor stovedøra