– Eg finn det lite produktivt om vi no skal byrja å greie ut greie ut desse traséalternativa på nytt, som Holen Bjørdal utfordrar meg på. Det skriv samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i svaret sitt til Fredric Holen Bjørdal.

Etter at det i riksvegutgreiinga kom fram at ei fjordkryssing over Hafast-traseen kan kome til å koste så mykje som 38 milliardar kroner, spurde Ap-representanten om statsråden vil greie ut og vurdere andre alternativ, eller om Hafast skal byggjast uansett pris.

Det er altså ikkje aktuelt, ifølgje samferdsleministeren.

– Det er lagt til grunn vesentleg høgare kostnader enn tidlegare for fleire strekningar, mellom anna Hareid Sulesund. Dette skuldast i hovudsak at det i riksvegutgreiinga er lagt til grunn bygging av firefelts veg, altså vesentleg høgare standard enn i konseptvalutgreiinga. I tillegg er det rekna med meirverdiavgift, skriv Solvik-Olsen.

Statens vegvesen er no bedne om å gjere vidare vurderingar av aktuelle bruløysingar for kryssing av Sulafjorden. Når dette er gjort, vil samferdsledepartementet ta endeleg stilling til kva løysingar som skal leggast til grunn for den vidare planlegginga.