Dråpen som fekk begeret til å renne over er Ørsta Frp si røysting i legesentersaka, der dei tre andre partia i det som har utgjort fleirtalskoalisjonen i kommunestyret, KrF, Venstre og Høgre, gjekk inn for Nordeabygget, medan Frp røysta for utbygging av legesenteret.

Les også: Heilomvending i kommunestyret

Les også: Legane forventar strakstiltak

Gruppeleiar Per Are Sørheim gjer det klart at det ikkje vert meir samarbeid med Ørsta Frp.

– Det borgarlege fleirtalet er forvitra. Det er ikkje aktuelt å gå til ny valkamp med tanke på å innlemme Frp i samarbeid. Det er vanskeleg å ha eit konstruktivt samarbeid med dette partiet når dei bryt ut gong etter gong, seier Per Are Sørheim.

I to budsjett i inneverande kommunestyreperiode har det skjedd at Frp ikkje har slutta seg til fleirtalsblokka, og dei borgarlege har i staden inngått budsjettsamarbeid med andre.

– Eg trur ikkje det oppstår noko ny maktblokk i kommunestyret. For vår del vil det handle meir om fraksjonsrøysting frå sak til sak. Det formaliserte samarbeidet med Frp er over, varslar ein tydeleg Per Are Sørheim som no må finne andre politiske vener.