Framstegspartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet sikra fleirtal med 20 mot 13 røyster, for ei utbygging av legesenteret i Dalevegen. Det er klart etter ein lang debatt i ei betent sak i kommunestyret torsdag.

Framstegspartiet har snudd på hælen. Både i levekårsutvalet og i formannskapet sa dei at dei ønskjer å gå vidare med planane om å etablere legesenter i andre høgda på Nordeabygget. I kommunestyret var det eit samla parti som stod bak vedtaket om å gå vidare med planane om nybygg på Bakk-Ola-marka.

Les også: Går for Nordeabygget

- Eg røyster i høve fleirtalet i partiet mitt. Dette er ei utruleg utfordrande sak. Den mest utfordrande eg har hatt i min periode, sa Odd Magne Vinjevoll (FrP) frå talarstolen.

Sven Castberg (H) la vekt på kva konsekvensar eit nybygg vil få, mellom anna for økonomien. Han sette spørsmålsteikn ved kvar fleirtalet vil hente pengar frå når dei går for nybygg.

- Den einaste måten å finansiere dette på vil vere å auke eigedomsskatten, hevdar han.

Rune Hovde (H) legg ikkje skjul på at han er skuffa, og åtvara om at nye investeringar i storleiksorden 50 millionar vil gå utover andre planar og ønskjer politikarane har for utvikling i Ørsta.

- Vi har framleis hovudet under vatn økonomisk. Vi kan ikkje trekkje pusten medan vi er under vatn.

Han er heller ikkje imponert over det han meiner er vinglete meiningar hos enkelte.

- Noreg er ein stor vinternasjon. I greina slalåm er vi sikra rekruttering i lang tid, viss vi rekrutterer frå nokre av partia her, kommenterte han.