- Det er like viktig å bruke belte i buss som i bil. Sjølv om nesten alle brukar belte i bilen, er det mykje som tyder på at dei gode vanane ikkje blir med over i bussen. Vi meiner difor det er behov for å gjere busspassasjarene meir medvitne på kor viktig det er å bruke beltet, seier Jon Molnes ia Statens vegvesen i ei pressemelding.

I februar skreiv Møre-Nytt om mangelen på bilbete i skulebussane i Ørsta.

Fleire undersøkingar og kartleggingar utført av Statens vegvesen, viser at bussen framleis ser ut til å vere «frisone» nummer 1 når det gjeld beltebruk. Denne veka set difor vegvesenet i gang ein storaksjon der dei kjem ombord i bussar og sjekkar beltebruken.

Bilbeltet er ikkje berre der for å beskytte oss sjølve. Det held oss også på plass i setet, slik at vi ikkje er til skade for andre om det skulle skje ei ulykke.

– Få veit kor farleg det er at dei andre på bussen ikkje brukar belte. Det vi ofte ser i ulykke, er at passasjerane blir kasta rundt i eller ut av bussen. Då kan passasjerane gjere stor skade både på seg sjølv og på andre. Du brukar belte også for å ta vare på dei du reiser saman med, seier Molnes.

Det er få som blir drepne eller hardt skadde i bussulykker. Ein gjennomgang Statens Havarikommisjon for Transport har gjort, viser likevel at dei fleste som mista livet eller vart hardt skadde i bussulykker, ikkje brukte belte.

Næringa har på si side teke initativ for å auke bilbeltebruken blant buss-sjåførane.

– Bussbransjen er oppteken av tryggleiken til både passasjerar og sjåførar. Våre sjåførar skal dermed alltid minne passasjerane om beltebruk. Samtidig er det viktig at sjåførane sjølve brukar belte av omsyn til eigen tryggleik og for å gi dei rette signala til passasjerane, seier Jon H. Stordrange, administrerande direktør i NHO Transport.

Jon Molnes i Statens vegvesen.