For det er nemleg ikkje alle skulebussane i Ørsta som har setebelte, kan Pernille Aag Liadal (6) fortelje. Det likar mor Torunn Aag dårleg.

– Det let seg på ingen måte forsvare. Det burde vere sjølvsagt at bussane som køyrer skulerutene har utstyr som sikrar barna.

Reagerer

Pernille starta på Velle skule hausten 2014. Nokre dagar i veka tek ho skulebussen til og frå Liadal, saman med fleire andre.

– Alle foreldre reagerer på dette. Vi er ikkje nøgde med at ungane våre sit usikra i skulebussen. Dei har ei mil til skulen, og køyrer på ein tidvis smal og svingete veg med 80-sone og mykje tungtrafikk. Det er klart der skal vere setebelte!

Situasjonen skal vere den same for elevane som får skuleskyss til og frå Mosmarka.

Krav

Aag stiller spørsmål ved om det ikkje er eit krav om at skulebussane skal ha setebelte. Ho viser til ei forskrift frå samferdselsdepartementet i 2013 som seier at ved all busstransport, som ikkje vert klassifisert som bybuss, pliktar kommunen/fylkeskommunen å dimensjonere transporten slik at skuleelevane har tilgang på sitjeplass med bilbelte fastmontert. Unntaket er dersom transporten vert utført med bussar som er integrert i fylkeskommunen sitt ordinære rutetilbod.

– Men det er ikkje skuleruta til Liadal, meiner Aag.

Provokasjon

I januar 2012 kravde Trafikktryggingsutvalet i fylket bussar med setebelte for alle skuleelevar med skyssrett i Møre og Romsdal. Same år løyvde fylkeskommunen fleire millionar kroner til ettermontering av setebelte i skulebussar. Og hausten 2014 starta dei ein kampanje for bruk av setebelte i bussane. «Beltehelt»-kampanjen, som skal få fleire skuleelevar til å sikre seg i bussane.

– Slike kampanjar vert meir som ein provokasjon for oss foreldre, når ungane våre faktisk ikkje har moglegheita til å sikre seg, seier Torunn Aag.

Ho veit at saka har vore teken opp fleire gongar før, men seier at den er like aktuell, så lenge situasjonen ikkje betrar seg.

– Når dei legg ned skulane på bygdene, så skal ungane i det minste vere sikra ein trygg og sikker skuleveg inn til sentrum. Det er dei ikkje i dag, og det nektar eg å akseptere.

– Alle bussar skal ha setebelte

– Skuleruta i Ørsta er ute på anbod. Der er det krav om bilbelte i alle bussane.

Det fortel rådgjevar i samferdselsavdelinga i fylket, Rolf Stavik.

Han kan ikkje uttale seg om noverande situasjon for skuleruta, då han ikkje har fått snakka med Nettbuss, som har driftsansvaret.

Det er første gong skuleruta er ute på anbod, og oppstart for dei som får tildelt skuleruta vil vere i 2016.

– Alle bussar som er nye etter 1. januar 2000 skal vere utstyrt med bilbelte, med unntak av bybussar. Det vil heller ikkje vere muleg å nytte eldre bussar på grunn av ulike miljøkrav, fortel han.

Det er ikkje eit tilsvarande krav i driftsavtalen dei har med Nettbuss i dag.

Foreldre i Liadal har også tidlegare klaga på mangel på bilbelte i bussane, og fekk til svar seinast i januar i år at skyssrutene er planlagde med bilbelte i alle bussar, men at det unntaksvis kan skje at dei må setje inn bussar utan.

– Unntaksvis verkar å vere kvar dag, kommenterer Torunn Aag.

Det har ikkje lykkast verken Møre-Nytt eller fylkeskommunen å nå tak i nokon i Nettbuss som kan kommentere saka.