Det seier regiondirektør i Nettbuss, Magne Hetle.

Laurdag skreiv Møre-Nytt om elevane frå Liadal som ikkje har tilbod om setebelte i bussen når dei skal heim frå skule. Det har fått fleire foreldre til å reagere, særleg fordi skulevegen tidvis er både smal, svingete og har mykje tungtrafikk. Magne Hetle seier at dei tek til seg kritikken.

– Vi driv internt og ser om vi kan klare å bytte om på nokre vogner, og det er muleg at vi får til ein buss med setebelte til elevane, fortel han.

Morgonbussen frå Liadal til skulen er utstyrt med belte, men på retur sit elevane usikra.

– Men vi treng hjelp frå foreldra, seier Hetle.

Det er nemleg ikkje alle elevane som bruker beltet på morgonbussen.

– Så her vil vi gjerne oppmode foreldra om å ta ein prat med ungane sine, for det er vanskeleg for sjåføren å halde kontrollen på 40 passasjerar på same tid.

Bussen som ikkje er utstyrt med belte er ein klasse 1 buss, ein såkalla bybuss, der det ikkje er krav om setebelte, og der høgste tillatne fartsgrense er 70 kilometer i timen.