Ordførar Arild Iversen aksepterer ikkje at Statens vegvesen ikkje syner respekt for samferdselsministeren sine klare presiseringar rundt skilting for E39 og RV 651 i Volda.

I førre veke sette Statens vegvesen Region Midt opp permanente skilt i Volda for E39 og RV 651 i Volda. I eit brev til samferdselsdepartementet ved Ketil Solvik-Olsen understrekar Arild Iversen at skiltinga ikkje er i samsvar med tydelege krav frå samferdselsministeren.

– Permanente skilt som no er oppsett i Volda er i strid med samferdselsministeren sitt brev. Dei er heller ikkje i samsvar med Statens vegvesen sin innsende skiltplan til Vegdirektoratet utarbeidd i samband med kommunane.

Iversen påpeikar at på skilta han nemner i brevet er stipla E39 fjerna, og i staden er dei no merka med grøne 651 skilt.

– Vi aksepterer ikkje at Statens vegvesen ikkje syner respekt for samferdselsministeren sine klare presiseringar. I tillegg at såkalla faglege vurderingar frå enkelte sakshandsamarar i Statens vegvesen vert vedlagt innsend skiltplan i strid med det ein gjennom prosessen har vorte einige om. Volda kommune ber om at skiltinga snarast vert retta opp.

I tillegg til feila som Iversen har vist til i brevet til samferdselsdepartementet har han oppdaga ein ytterlegare feil på det blå skiltet før ferjekaia i Volda. Skiltet viser ruter til Bergen. E39 står med stipla line.

– Stipla line rundt E39 er eigentleg vegen via Stigedalen, men 651 er også Stigedalen. Her burde symbola stått ved sida av kvarandre, seier Iversen.