Både rundkøyringa og busshaldeplassen har vore i bruk ei god stund, men onsdag var det offisiell opning av det nye Garneskrysset i Ulstein, som knyt saman Hareid/Ulstein, Ørsta/Volda og Herøy/Sande.

Næringslivet, Høgskulen i Volda og Volda sjukehus er mellom dei som dreg nytte av oppgraderinga av krysset og det forbetra busstilbodet.

Det er no timesavgangar mellom Hareid og Fosnavåg, med korrespondanse til Ørsta/Volda på dei fleste avgangane.

Krysset vart opna av fylkesordførar Jon Aasen. Fleire av ordførarane på Søre Sunnmøre var til stades, mellom andre Rune Hovde frå Ørsta.