– Det er sjølvsagt mange som har ein del av æra for at vi har fått til dette, men det er viktig for oss å påpeike at det var eit initiativ frå SV-laga på Søre Sunnmøre som starta løpet mot dette anlegget, seier fylkestingsrepresentant Ingrid Opedal frå Volda.

Torsdag ettermiddag var representantar for alle lokallaga samla til ei markering i krysset saman med SV-nestleiar og tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Meir effektive bussar

Kollektivknutepunktet i Garneskrysset i Ulstein har om lag like stor avstand til Ørsta, Volda, Hareid, Fosnavåg og Larsnes. Terminalen har gjort det langt enklare å få til gode korrespondansar og eit betre busstilbod mellom tettstadene på Søre Sunnmøre.

Tidlegare møttest bussane og lasta om i Myrvåg i Herøy kommune. Det skapte store omvegar, særleg for bussane mellom Ørsta/Volda og Ulstein/Hareid.

Bård Vegar Solhjell set lokalbussane på Søre Sunnmøre inn i eit større perspektiv.

– I helga skal eg til Flåm i Sogn og Fjordane. Den naturkatastrofen vi har sett der dei siste dagane, er eit resultat av global oppvarming. For å få bukt med det, treng vi både store og små tiltak. Ein viktig ting er å få fleire til å bruke buss, seier han.

– Men bør ein ikkje heller satse på det i byane?

– Det er der det er viktigast, men det er ein myte at det ikkje er mogleg å få folk i distrikta til å ta buss. Berre tilbodet er godt nok, vil fleire ta buss. Men bilen blir framleis ein del av distrikts-Noreg, og det blir ikkje like mange som tek buss her som i byane, seier han til Møre-Nytt.

Kritiske til kollektivkutt

SV-arane nytta også høvet til å rette kritikk mot Regjeringa sin kollektivpolitikk i distrikta.

– Regjeringa foreslår å kutte dei såkalla KID-midlane, som går til kollektivtransport i distrikta, i statsbudsjettet. Garneskrysset er eit døme på eit tiltak som hadde vore vanskelegare å gjennomføre utan slike tiltak. Det er småpengar på Statsbudsjettet, men dei får mykje å seie ute i samfunnet, til dømes i dette krysset. Denne politikken er vi svært kritiske til, seier Solhjell.