– Volda sjukehus har dei beste tilbakemeldingane frå pasientane samanlikna med dei andre sjukehusa i Møre og Romsdal, skriv Volda-ordførar Arild Iversen i eit brev til helseminister Bent Høie.

Resultata frå sjukehusundersøkinga, som Møre-Nytt skreiv om for ei tid tilbake, viser svært gode tal for Volda sjukehus.

Iversen meiner det er viktig at ministeren og styra i Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal merkar seg det gode resultatet, som han meiner viser at også lokalsjukehus yter tenester med svært god kvalitet.

– Ikkje minst er det interessant å sjå at det er godt samsvar i svara frå brukarane av sjukehusa frå det eine året til det andre, skriv Iversen.

Han ber om at dei gode resultata blir tekne omsyn til i utviklinga av sjukehustilboda.