– Det at pasientane sluttar så sterkt og tydeleg opp om lokalsjukehuset sitt, er eit signal så klart at helseplanleggjarane må take omsyn til det, seier ordførar i Volda, Arild Iversen.

Det er Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta som står bak granskinga, på oppdrag frå Helsedirektoratet. Granskinga vart fyrste gong gjennomført i 2011, og seinare kvart år. No er det tala frå 2013 som ligg føre.

Høgare enn landsgjennomsnittet

Det er spurt om ti forskjellige målepunkt, som opplevinga av tryggleik, informasjon, legar, pleiepersonell, ventetid, utskriving osb.

Volda sjukehus skårar høgare enn landsgjennomsnittet på alle parameter.

– I og med at dette er ei stor nasjonal gransking, og med eit stort underlagsmateriale og ein solid metode – er det ikkje grunn til å trekkje granskinga i til. Granskinga har stort truverde, seier Iversen.

Han seier dei tilsette på Volda sjukehus skal vere stolte, for granskinga i år berre stadfestar resultata frå tidlegare år, og det er at pasientane er svært godt nøgde med behandlinga og opplevinga dei får av Volda sjukehus.

Gode fagfolk

– Eg trur at ein viktig grunn til at Volda sjukehus skårar så høgt, og vert opplevd som så fagleg gode, er rekrutteringspolitikken. Gjennom svært mange år har Volda sjukehus drive ein medviten rekrutteringspolitik, seier Iversen.

– Har ein gode fagfolk, får også pasientane god behandling, poengterer Iversen. Har du gode fagmiljø og gode fagfolk, får pasientane god behandling.

Han meiner Volda sjukehus må halde fram med dette aktive rekrutteringsarbeidet.

– Viss rekrutteringa forsvinn, har sjukehusa ei utfordring. Det er kanskje det viktigaste arbeidet som vert gjort for å halde oppe Volda sjukehus som eit godt lokalsjukehus, seier Iversen.

– Viktige lokalsjukehus

Granskinga viser at Kristiansund sjukehus har gjort det betre siste året. Det kan tyde på at pasientar svarar med hjartet for å halde på sjukehuset sitt.

– Det tolkar eg positivt, for det viser kor viktig lokalsjukehuset er, seier Iversen.

Volda sjukehus.