Ørsta kommune har meldt skadeverk på Barnas Vel barnehage i Holmegata til politiet.

– Det er skote to hol i eit vindauge i barnehagen, heiter det i politimeldinga.

Skadeverket vart oppdaga av tilsette ved barnehagen om morgonen fredag 5. september. Det er usikkert når skadeverket har skjedd. Kostnaden på reparasjon av vindauga er rundt 5.000 kroner.

Ifølgje drifts- og vedlikehaldsansvarleg Roger Steinnes i Ørsta kommuen føyer skadeverket seg inn i rekkja av slike hendingar i Ørsta.

– Slikt skjer nær sagt kvar helg i sentrum. Sentrumsbygningar som Ørsta ungdomsskule, Velle skule og Barnas Vel barnehage er svært utsett for hærverk. Det samlar seg ein del folk der i helgane. I dette tilfellet har dei tydelegvis skote på vindauga med luftpistol.

Ved Ørsta ungdomsskule vart det gjort skadeverk for ei tid tilbake som kommunen rett og slett ikkje har råd til å reparere.

Tidlegare har Steinnes anslått for Møre-Nytt at det kommunen har brukt rundt 100.000 kroner på å skifte vindauge i offentlege bygningar i sentrumsområdet.

No er det henta inn tilbod på kameraovervaking av dei utsette områda.

– Ingenting er bestemt enno, men vi har henta inn prisane. Dette er ei ganske kostbart, men vi håper å kunne få det inn på budsjettet neste år, seier Steinnes.