Dette seier Roger Steinnes som er leiar for vedlikehald i eigedomsseksjonen i Ørsta kommune. I løpet av helga har ein garasjeport ved Ørstahallen vorte øydelagt, og mykje utstyr har vorte kasta utover parkeringsplassen. Truleg har dette skjedd natt til søndag.

– Vi er lei av hærverk. Det er ikkje lenge sidan det vart gjort skadeverk på Kiwihallen, her har vore spinning på plenen, ruteknusing, glasbrot og rot. Vi saknar litt meir overvaking frå politiet i dette området. Rett før ferien vart det gjort skadeverk på same garasjeporten, og no er det på an igjen.

Steinnes anslår at kommunen har brukt rundt 100.000 kroner på å skifte vindauge på offentlege bygningar i sentrumsområdet. I vår og sommar har kommunen vore plaga med mykje hærverk i sentrum av Ørsta.

– Kvar ein gong har vi meldt frå til politiet, men ikkje ei einaste sak har vorte oppklart. Kommunen er pressa økonomisk, og hærverka skaffar oss mykje ekstraarbeid og kostnader. Vi har vurdert overvaking. og det spørst om vi ikkje må ta opp att den tråden.