No kjem det eit rekkverk som er i samsvar med Ørsta kommune sin visuelle profil ved Vikeelva i Parkvegen.

– Eg vil gje honnør til Statens vegvesen for å ha vore løysingsorienterte i denne saka, seier ordførar Stein Aam.

Han engasjerte seg då han såg at det i samband med sikringa mot Vikeelva i Parkvegen kom opp eit rekkverk som folk reagerte på. Rekkverket er berre galvanisert, og har ei utforming elles som ikkje er i samsvar med den visuelle profilen kommunen har vedteke for Ørsta.

Ferdig til 17. mai

– I samarbeid med vegvesenet og Vik Ørsta får vi no opp eit nytt rekkverk. Det vil vere i samsvar med den visuelle profilen. Rekkverket vil vere om lag slik som ved Morkabrua og på Strømpeneset, seier Aam.

Han er glad for at saka har fått ei løysing.

– Og arbeidet med å skifte rekkverket vil skje raskt. Vik Ørsta har stadfesta at det skal vere på plass til 17. mai, seier ordføraren.

Arbeidet med å sikre Parkvegen mot Vikeelva er elles ferdig, og også sjølve Vikeelva er flaumsikra i dette området.