– Kven har gjeve vegvesenet løyve til å setje opp dette rekkverket? Det vil eg gjerne ha svar på. Det samsvarar ikkje med profilen vi skal ha i Ørsta. Det er berre galvanisert, og ikkje lakka i svart farge. Aller helst skulle det ha vore ein annan type rekkverk, for det er ikkje pent heller, er Aam si vurdering, som fortel at han har fått reaksjonar frå fleire om dette. Mange har også vore i kontakt med Møre-Nytt om det same.

Rekkverket er levert av Oppland Stål, ein av konkurrentane til Vik Ørsta, og er altså ikkje eit «Ørsta-rekkverk» i svart som ved dei andre bruene i sentrum, og har heilt anna utforming.

Prosjektingeniør Dag Jarle Aa i Ørsta kommune var i kontakt med Statens vegvesen i januar i år, for å informere om at rekkverk i Ørsta sentrum skal vere svarte, jamfør ein plan frå 1999. I ein e-post-korrespondanse skriv Aa: «Trur Statens vegvesen har fått denne planen nokre gonger tidlegare. Er mellom anna nytta langs E39 inn til Ørsta sentrum frå vest.»

Byggeleiar Hallvard Matheson Rangnes i vegvesenet svarar Aa at dette «ikkje var heilt kjent for oss», men stadfestar i e-posten at beskjeden er motteken.

– Statens vegvesen vil i fyrste omgang montere rekkverket i galvanisert utføring slik at vegen kan opne for trafikk. Vegvesenet vil deretter vurdere kravet frå Ørsta kommune, og eventuelt rette opp fargen på eit seinare tidspunkt, skriv Rangnes i ein e-post, datert 1.2.

Fv. 655, Parkvegen har vore stengt sidan før jul grunna bygging av ny støttemur mot Vikeelva. Arbeidet har vore forseinka, og ny frist for opning av vegen har vorte gitt fleire gongar, men i helga vart vegen igjen opna for trafikk. Berre nokre få ting står att før vegen er ferdig, m.a. autovern, og kanskje eit nymåla rekkverk.

Til Møre-Nytt seier Rangnes at ørstingane truleg kan vente seg svart rekkverk til våren.

– Men når det er sagt, så er det ikkje heilt og fullt opp til meg. Det må avklarast, men eg har sjølv vore der, og ser at det er svart rekkverk både ved kyrkjebrua og ved gangbrua nedom, så vi må ta sikte på å få måla det nye rekkverket også.

Grunnen til at dei har sett opp eit galvanisert rekkverk, er fordi dei ønskte å få opna vegen raskast mogleg for trafikk.

– Det er noko lenger bestillingstid på farga rekkverk. Og då vi vart gjort merksame på at kommunen har ein plan om visuell utforming av sentrum, med svarte rekkverk, då låg allereie dette rekkverket klart. Det vart montert opp fordi vi ønskte å opne vegen så raskt som råd, med trafikksikkert gjerde på plass. Men vi er innstilte på å vere med på å rette opp dette, men det vil vere sannsynleg at vi må vente på litt varmare vêr, og at vi får løyve til å gjere det, seier Rangnes.

Parkvegen: Sidan før jul har det vorte gjort ein omfattande jobb med å sikre vegen mot Vikeelva, og nytt rekkverk er sett opp. Eit rekkverk som er i strid med profilen til Ørsta kommune: Svart. Foto: Janne-Marit Myklebust