I løpet av det første døgnet av laksefisket i Bondalselva denne sesongen kom det på land 54 laksar.

– Det gode fisket har i grunnen halde seg oppe sidan opninga, men naturleg nok går det litt og ned, seier Bjørn Urkegjerde ved Bondalselva camping.

Pågangen etter fiskekort har vore svært stor sidan opninga, og etter det Urkegjerde kjenner til blir det teke fisk i heile elva.

– Den andre opningsdagen vart det teke 22 laksar, og den tredje dagen var fangsttalet nede på ti fiskar. Etter det har blitt teke mellom ti og femten fiskar kvar dag. Totalt har det kome på land 142 fiskar, og dette talet gjeld for heile elva. Samanlikna med tidlegare år er dette fisket heilt eventyrleg, og det ser bra ut med tanke på vidare fiske. Elva var i største laget tysdag. Det var ein del fisk som beit på, men som ikkje kom i land.

Storparten av fisken som har kome på land er laks, og ifølgje Urkegjerde er forholdsvis lite pjakk som har blitt fiska.

I Ørstaelva er det von om at fisket skal ta seg opp.

– Det har gått ein del fisk på elva då ho vaks i starten av veka, men fisken har ikkje vore så bitevillig og difor har det ikkje blir nokon storfangst, seier Sindre Moe som er grunneigar og representant i Ørsta Jeger og Fiskarforeing.

Det første døgnet av årets laksesesong i Ørstaelva gav eit fangstresultat på rundt 25 laksar. Moe har ikkje oversikt over totalen så langt, men i fiskesona på Mo er det teke 10–12 laksar dei siste dagane. Onsdag føremiddag tok Gunnar S. Moe ein laks på 8,5 kilo ved Mo.

– Vi vonar at når elva dett litt ned att så vert fisket brukandes, og det er sett ein del laks og pjakk.