Det vart ei knallopning på laksefisket. I Bondalselva vart det landa meir enn tjue laksar i morgontimane torsdag.

Den største fekk Robert Andre Flø frå Ulstein kommune, på 12,5 kilo i Frøland-sona. Han hadde ei kjensle av at han skulle få noko stort då sesongen starta.

– Onsdag kveld byrja det å pirre, og eg kjende på meg at her kunne det verte ein stor laks. Og låg og tenkte på det lenge utover natta, og såg også føre meg kvar eg skulle få napp, fortel Flø.

Og då morgonen kom, og klokka nærma seg 06.00, var han på plass på Frøland. Akkurat klokka seks sleppte han kroken ut i elva. Og eitt minutt seinare sa det pang.

Surrealistisk

– Det var heilt surrealistisk at eg skulle få napp i den hølen eg hadde sett meg ut, fortel Flø.

Han skjøna straks at det var ein storlaks på kroken.

– Det vart ein hard fight. Eg gjekk fyrst nedover med han, før han snudde og gjekk oppover. Det tok vel om lag ti minutt før eg fekk landa han. Eg hadde verken med meg klepp eller hov, slik at det var litt nervepirrande, fortel Flø.

Han fortel at laksen han fekk torsdag morgon, er den største han har fiska til no.

– Og denne skal garantert røykast. Med 12,5 kilo røykt laks, vil det vare ei stund, seier Flø med ein god latter.

Mange storfiskar

Torsdag kveld skal Flø prøve fiskelykka i Ørstaelva, og utover sesongen skal det fiskast både i Bondalselva, Ørstaelva og andre elvar lokalt.

– Eg plar å fiske i dei fleste elvane, og eg må jo seie at starten på årets sesong i Bondalselva var eventyrleg. Ikkje berre for meg, men for mange andre også. Det vart teke mange storfiskar i morgontimane, seier Flø.

Han har trua på ein god sesong.

– Eg er optimist av natur, og dette ser lovande ut, seier Flø.

God start fleire stader

Det var altså mange som fekk fisk i Bondalselva torsdag morgon.

– Det som skjedde her i dag, stadfestar inntrykket frå dei elvane som har hatt tidlegare sesongstart. Det har vorte fiska godt både i Sogn og Fjordane og i Trøndelag, fortel Vidar Aasen, som sjølv drog ein laks mellom tre og fire kilo i Mo-sona.

Han og fleire andre tok ei samling rundt laksebuda ved Hustadbrua etter fisket i morgontimane. Det er berre lov å fiske ein fisk per kort, og når det er gjort fyrste timen, vert det ein del lakseprat i dødtida før det kan nyttast eit nytt fiskekort.