Tysdag morgon informerte Fjord1 fylkeskommunen, Statens vegvesen og Ørsta kommune om at alle anløp til Skår i Hjørundfjorden utgår frå i morgon, onsdag. Anløpet på føremiddag blir gjennomført dersom vêret er godt, deretter er det full stopp.

Årsaka er at ferjekaia er i for dårleg stand til å bli brukt. Ferjemannskapet fryktar at det kan oppstå skade på propellen eller ei anna form for ulykke om ferja held fram med å gå til Skår.

To fastbuande

Det er i dag to fastbuande på den veglause bygda Skår, Asbjørn Skår og Gudbjørg Birkeland. Dei driv også med sauehald. I tillegg blir dei andre husa i grenda brukt som fritidsbustader.

Møre-Nytt har vore i kontakt med Asbjørn Skår tysdag. Han seier at han ikkje er overraska over at dette skjer, men håper på ei løysing raskast mogleg.

– Dramatisk

Teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot i Ørsta kommune informerte Ørsta formannskap om situasjonen under møtet tysdag. Kommunen er eigar av anlegget, men det er Statens vegvesen/fylkeskommunen som er Fjord1 sin oppdragsgivar.

- Eg ser dette som svært dramatisk, men vi skal finne ei løysing. Vi var nyleg på synfaring på Skår, og fekk då inntrykk av at alle var innstilte på å få ei løysing for kaia. Når vi no likevel får denne beskjeden, må vi berre sette oss ned og sjå på korleis vi kan kome oss ut av situasjonen raskast mogleg, sa ordførar Stein Aam.

Vil starte opp att

Sundgot opplyste at det er bestilt plastring av kaia, men at dette tidlegast kan skje i januar. I tillegg er det avtalt at kommunen skal få ein brukt ferjelem som i dag er på Festøya.

Fjord1 skriv i brevet at dei vil ta opp att anløpa til Skår så snart nødvendige sikringstiltak er gjennomført. I mellomtida blir løysinga å bruke skyssbåt mellom Skår og Sæbø.

Møre-Nytt kjem tilbake med meir om saka.

<strong>Synfaring:</strong> Ørsta kommune hadde med seg representantar frå A. Våge AS på syfaring til Skår tidlegare i haust. Kommunen har allereie planar om å utbetre kaia. Foto: Joachim Kroken Åsebø