Det er mykje kompetanse i veggene i Fora Form. 18 av dei 54 tilsette har meir enn 30 års fartstid i verksemda, og i helga vart seks av dei sett pris på med gullklokke.

– Det er ein god arbeidsplass. Vi har det veldig kjekt her, seier Runa Busch, om kvifor ho har vore ein trufast tilsett alle dei 30 åra ho har vore der.

Frode Sporsheim stemmer i. Han har følgt utviklinga til Fora Form tett, frå der var private eigarar, til i dag, med svenske Lammhults Design Group som eigar.

– Eg har ikkje grudd meg til å gå på jobb ein einaste dag. Her er svært godt arbeidsmiljø, rosar han.

– Vi er stolte over å jobbe her. Fora Form er eit varemerke i Noreg som vi haustar respekt for.Han rosar også dei svenske eigarane, som kjøpte Fora Form frå bank- og finansinstitusjonen Credo AS i 2013.

– Lammhults har fokus på produktet, og ikkje på så mykje pengane. Dei ønskjer at vi skal utvikle oss og stå stødig, og tyner ikkje drifta slik som finansielle eigarar gjerne gjer. Det påverkar også oss positivt.