– 2015 vart eit tøft år, men vi trur vi har passert botnen. I 2016 reknar vi med å vere tilbake på normalnivået både når det gjeld omsetning og resultat. I åra framover ser vi moglegheiter for vidare vekst for Fora Form, seier Fredrik Asplund, konsernsjef i Lammhults Design Group, det svenske møbelkonsernet som eig Fora Form.

Asplund tok over som konsernsjef i 2015. Denne veka har han vore i Ørsta, og fredag kveld deltok han på årsfesten til Fora Form på Christian Gaard på Trandal.

Fora Form enda på ei omsetning på rundt 140 millionar kroner i 2015 og eit resultat på rundt tre millionar. Konsernet er børsnotert, og Asplund er difor forsiktig med å gi konkrete omsetningstal for 2016.

– Men det bør vere realistisk å passere 150 millionar kroner, avslører han.

Nedgangen i 2015 kom som følge av ein generell nedgang i møbelmarknaden i Noreg. No ser marknaden betre ut, og i desse dagar er møbelverksemda i ferd med å levere terminalmøblar til den nye terminal 2 på Oslo lufthavn.

– Det er ein stor ordre for Fora Form, på rundt 8 mill. kr, fortel  Asplund.

Planen er at den vidare veksten skal kome både i Noreg og utanlands.

– Vi har allereie ein svært høg marknadsdel i Noreg, og det blir tøft å ta ein endå større del av marknaden her. Men bransjen er i vekst, og vi trur Fora Form vil vekse i Noreg som følge av det. I tillegg ser vi moglegheiter i utlandet, både i Sverige, Danmark og Tyskland.

I dag er faktisk Japan den største eksportmarknaden for Fora Form, på grunn av ein spesialstol som berre er laga for den japanske marknaden. Selskapet eksporterer for i overkant av 10 millionar kr årleg til Japan.

Lammhults Design Group leverer møblar til kontormarknaden gjennom møbelselskapa Fora Form, Abstracta og Lammhults Möbler. Dei tre selskapa er om lag like store, og har alle ei omsetning på rundt 150 mill. kr. I tillegg leverer konsernet mellom anna sofamøblar til privatmarknaden gjennom Voice og Ire, og eig også fleire produsentar av bibliotekinnreiing, som til saman er den største leverandøren av slik innreiing i Europa.

Lammhults Design Group har hatt sterk vekst på Stockholmsbørsen dei siste åra, og aksjeverdien har gått frå rundt 20 svenske kroner til over 50 kr sidan Lammhults kjøpte Fora Form i 2013.

Før 2013 var Fora Form eigd av eit Oslo-basert finansselskap. Konsernsjef Asplund er klar på at Lammhults er ein industriell eigar, og ikkje ein finansiell eigar.

– Vi har kjøpt Fora Form for å utvikle selskapet vidare, og tenke langsiktig. Fora Form er i dag ein av hjørnesteinane i konsernet. Vi har også planar om at konsernet skal vekse vidare, mellom anna gjennom nye oppkjøp.

I Ørsta

Leiinga i Ørsta har merka ei endring til det betre etter eigarskiftet.

– Det var viktig å få inn eigarar som kan møbelbransjen, og forstår kor viktig produktutvikling er og at vi ikkje kan spare oss til suksess, seier Frode Sporsheim, som er salssjef og sit i leiargruppa i Fora Form.

Dei svenske eigarane er også svært klare på at det er viktig for dei at Fora Form er til stades i Ørsta.

– Det er her hjartet og sjela til Fora Form ligg. Vi har ingen planar om å flytte frå Ørsta, heller tvert i mot. Vi skal styrke oss her. Det er difor vi no leitar etter ein ny leiar med tilknyting til Sunnmøre, seier Asplund.