Det seier ein offensiv Jan Endre Vartdal, ein av eigarane av Mørebil-eigedomen. Tysdag samla Vartdal, adm.dir. i Giørtz-gruppa, Egil Giørtz og Arne Johan Rebbestad i RG Eigedom seg på ordføraren sitt kontor på rådhuset. Med ordføraren, rådmannen og teknisk sjef til stades skreiv kjøpargruppa under skøyte og oppgjersavtale for kjøp at Mørebil-eigedomen.

Og stemninga rundt bordet var som på ein lygarkveld i Åmdalen, bortsett frå at det var alt anna enn usanningar som vart signert på papiret.

Både kjøparane og kommunen sine toppar var samde om at dette var ein festdag for alle.

– Eg er ualminneleg takksam for at de no vil utvikle Mørebil-tomta og bygdebyen, mange har sett fram til det, sa ordførar Stein Aam medan han skreiv under og stempla dei viktige papira.

Aam karakteriserte dei siste dagane i Ørsta som ei kanonveke.

– Først vedtok vi plasseringa av fleirbrukshallen, og no skriv vi avtale om kjøp av Mørebil-tomta, sa ein smilande Aam.

Rask riving

Kjøpargruppa sine planar no er ei rask riving av Mørebil-bygget. Dei nye eigarane har skrive avtale med Volda Maskin om riving, og planen er at riveprosessen startar 9. mai. Innan den tid skal bygget tømmast og klargjerast.

Når bygget er rive, vil det etter kvart verte lagt planar for ny aktivitet på denne attraktive tomta. I eit nybygg skal der kome leilegheiter på toppen og næring i ei eller to høgder. Kva slags forretningsverksemd som kjem er ikkje bestemt.

– Vi skal utvikle tomta til det beste for alle. Eit nytt Mørebil-område vert eit sentrum i sentrum. No startar vi planlegginga for tomta, og sjølv om vi har fem år på oss til å utvikle tomta, så har vi ikkje noko mål om å bruke så lang tid. No må vi sjå på interessa for for tomta. Vi skal i alle fall gjere området attraktivt, seier Jan Endre Vartdal.

Eigarane gjer det klart at dei vil byggje noko som er tiltalande og stilfullt, og at der også kan kome parkeringskjellar.

– Mange bryr seg om Mørebil-tomta som har eit bygg som har stått der 10 år for lenge. No må vi syte for at nybygget står til ørstingane sine forventningar, seier Vartdal.