Det seier Jan Endre Vartdal i RG Eiendom, kjøpargruppa som no formelt overtek Mørebil-eigedomen i Ørsta sentrum.

Etter forhandlingar med kommunen tek RG Eigedom på seg ansvar og risiko knytt til potensiell forureining av tomteområdet. Dermed er hinderet for riving fjerna. Og no ønskjer kjøparane rask riving av Mørebil-bygget.

– Kommunen har teke tak i saka og bidrege til å få Esso Norge på bana, noko som har vore eit krav frå oss. Dette har vore svært viktig for at eventuell ansvarleg ureinar på Mørebil-området er medvite sitt ansvar i samband med lovverket, eit ansvar som ville ha vore urimeleg at ikkje ureinar tok. Når dette kom på plass er det endeleg klart for å starte rivinga, noko som har vore eit mål lenge, seier Vartdal.

Han eig Mørebil-tomta saman med broren Sindre Vartdal, Arne Johan Rebbestad og HI Giørtz Sønner.

Jan Endre Vartdal gjer det klart at dei ønskjer ei snarleg riving av bygget.

Entreprenørar

– Vi har fleire entreprenørar som er klare til å starte rivinga raskt, men dette er også avhengig av kommunen si handsaming av rivesøknaden. Men vi reknar med at alle no har felles interesse, og at det vil gå raskt når søknaden er klar. Så kan vi då alle gle oss over at kjøpet er i boks og at bygget vert rive slik at både vi som bur her og forbipasserande slepp å sjå bygget som har stått til forfall alt for lenge, seier Vartdal.

Han ser fram til å utvikle Mørebil-tomta.

– Det er kjekt for oss som har kjøpt tomta å kunne bidra til at Ørsta sentrum vert utvikla til eit flott sentrum. Og no kan dei av oss som likar det maritime og sentrumsnære få ei unik moglegheit til å skaffe ei flott leilegheit når prosjektet vert realisert. Fleire har meldt si interesse for å skaffe seg ei framtidig leilegheit på «bryggekanten». Det vil nok gå litt tid til å få realisert dette, men uansett ser vi fram til å kunne starte arbeidet med utvikling av området, seier Vartdal.

Han meiner det er på høg tid å tenke framover for utviklinga av Mørebil-området.

– Dette er eit ansvar som ligg på alle, og som vi tek vår del for. Utvikling vert skapt gjennom samarbeid – og frå ord til handling, slår Jan Endre Vartdal fast.

<strong>Skal rivast:</strong> No er detl ike før Mørebil-bygget i Ørsta sentrum vert rive. Straks rivesøknaden er godkjent startar rivinga.