Flyttinga betyr fem færre tilsette i Volda. Det var Sunnmørsposten som skreiv om saka først.

Det vil vere 17 tilsette igjen i Volda etter flyttinga. All kunderservice og marknadsføring skal halde fram på Sunnmøre.

Forlagshuset Vigmostad & Bjørke vart deleigarar av Haugenbok.no i 2011, og kjøpte heile selskapet i 2012.

Auka konkurranse frå utlandet og bortfall av laurdagsombering hos Posten er nokre av grunnane til at lageret til landets største nettbokhandel blir flytta til Oslo.

– 95 prosent av varene vi sel kjem anten frå Oslo eller via Oslo. For å yte best muleg service til kundane, blir det ein omveg til Volda og så skal to tredelar tilbake via Posten/Bring sin terminal i Oslo, seier Arnstein Bjørke, dagleg leiar i eigarselskapet VB Bok AS, til Sunnmørsposten.

Haugenbok.no har fått mykje skryt for kundeservicen sin, og dei gjekk til topps på Norsk kundebarometer i 2015.