Ørsta-Volda lufthamn, Hovden opplevde ein auke i trafikken i januar med 3,7 prosent, samanlikna med same månad i fjor.

Totalt var 8.967 passasjerar innom flyplassen førre månad.

Berre Hammerfest og Florø hadde fleire reisande av dei lokale flyplassane. Her var det registrert høvesvis 10.333 passasjerar og 9.347 passasjerar. For Hammerfest utgjorde dette ein auke på 41,7 prosent, mens det for Florø er ein tilbakegang på 10 prosent.

112.501 passasjerar reiste til og frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden i løpet av 2015.Dette er ein nedgang på 7 prosent samanlikna med året før.

I 2014 flaug 121.021 til og frå flyplassen.