Det går fram av Ørstavassdraget Elveeigarlag sin fangstrapport.

I alt vart det landa 919 laks og aure i Ørstaelva. Kjell Brautaset i elveeigarlaget karakteriserer sesongen som god.– Fisket syner ein svært god fiskesesong, konstaterer Brautaset.

Fisket i Ørstaelva varte frå 15. juni til 31. juli i heile elva.

– Vi hadde ei avgrensing på to laksar eller aure per døgn i elva, og maks 10 laksar eller aure i løpet av sesongen, seier Brautaset.

Elva var nattestengd mellom midnatt og klokka seks om morgonen heile sesongen.Det var lite oppdrettsfisk i elva i sjølve sesongen.

– Men siste vekene har det vore observert og fiska opp mykje oppdrettslaks og regnbogeaure i elveosen og i nedste delane av elva, fortel Brautaset.

Ved månadsskiftet var det fiska kring hundre laksar med ei gjennomsnittsvekt på vel tre kilo.Elveeigarlaget har vore i kontakt med både fylket, departementet og Marine Harvest om dette.