Brannmannskap frå Ørsta og politi rykka fredag ettermiddag ut til Nordre Vartdal etter melding om grasbrann. Det opplyste operasjonssentralen til politiet til Møre-Nytt.

– Det var meldt om ein grasbrann på staden. Det viste seg å vere eit bål som hadde spreidd seg til graset. Dette vart sløkt, opplyser politiet.

Det blir oppretta sak.