– Vi skal servere vårrullar frå Thailand og pansit bihon frå Fillipinane. I dag skal vi handle inn, og så skal vi førebu mest mogleg til fredag, seier Bantham og Yanytha frå Thailand og Almyta og Hanna frå Fillipinane. Dei er ansvarlege for gjennomføringa av kulturkafeen førstkomande fredag. Når dørene opnar skal 150 vårrullar og pansit til 70 personar stå klart.

– Vi er spente på korleis gjennomføringa går, men vi gler oss veldig.

Suksess

Det er Frivilligsentralen som er ansvarleg for kulturkafeen på Kaihuset, og inntil no har dei samarbeida med flyktningane på norskopplæringa i Ørsta om mat og servering. No utvidar kafeen repertoaret, slik at også folk som har kome til Ørsta gjennom familiegjenforeining skal bidra.

– Kulturkafeen har vore ein kjempesuksess. Vi har hatt 70 besøkande på Kaihuset, og har gått tomme for mat fleire gonger. Så her er det første mann til mølla-prinsippet som gjeld, seier Hilde Bjørkedal, lærar ved norskopplæringa.

Nudelrett

Flyktningane har laga mat frå heimlanda sine, og det same skal dei fire damene frå Thailand og Filipinane gjer. Medan dei fleste veit kva vårrullar er, er nok Pansit Bilon meir ukjent.

– Det er ein nudelrett med reke og kylling, som er veldig populær i heimlandet vårt.

Vårrullane er i thai-variant med gulrot, sopp, vårløk og ost, og Bantham og Yanytha serverer han med sursøt saus til. Etter maten blir det servert kaffi.

– Ein del av ingrediensane kjøper vi på Asia-butikken, men kjøt og grønsaker kjøper vi på vanlege butikkar, seier Almyta.

Polsk kafé

Etter den thailandske og filippinske kafeen er gjennomført, er det den polske befolkninga i Ørsta som skal vise fram matkulturen sin. Dermed vil flyktningar, arbeidsinnvandrarar og dei som har kome til Ørsta gjennom familiegjenforeining, vere inkludert i kulturkafeen.

– Suksessen til kafeen er eit godt døme på eit vellykka kulturutvekslingsprosjekt, som

viser korleis innvandrarbefolkninga kan kome tettare på resten av Ørsta, seier Hilde Bjørkedal.