– Det har gått over all forventning, seier lærar Hilde Bjørkedal ved norskopplæringa.

Elevane hennar er i full gang med å førebu den første kulturkafeen 2015. Fredag skal alt vere klart til eit herleg, eritreisk måltid på Kaihuset i Ørsta.

– Det er mykje arbeid, og vi har ikkje hatt så mykje tid på oss. Men vi skal få alt klart til fredag, seier Teklom Tesfamariam.

Eritrea, Syria og Somalia

Kulturkafeen er eit samarbeid mellom norskopplæringa, Flyktningkontoret og Frivilligsentralen i Ørsta. Prosjektet vart starta i fjor haust, og har vorte ein stor suksess.

– Vi har hatt seksti-sytti betalande gjestar her kvar gong, så det har vore veldig stor pågang, seier Bjørkedal.

I gruppa som arbeider med kafeen er tre nasjonar representert. Kvar nasjon får sin dag på kafeen. Denne fredagen står det eritreisk mat på menyen, medan elevane frå Syria og Somalia skal få lage mat frå sitt kjøken seinare.

– Vi skal lage kyllinggryte og kjøtgryte, og så blir det salat, injera (eritreisk brød) og raude linser som tilbehør, seier Hadas Asmelash Mahari.

Sjølv om kafeen er ein del av skulearbeidet, legg Hadas og fleire andre sså mykje arbeid i det at dei står framfor grytene heime og lagar mat også.

Mista støtta

Før jul fekk kafeen støtte frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

– Den støtta får vi ikkje lenger. For å finansiere drifta, har vi difor auka prisen på maten litt. Vi fekk mange reaksjonar frå folk som meinte vi tok alltid for lite for måltidet i haust, så eg trur ikkje folk har noko imot å betale nokre kroner meir. Pengane går rett inn i drifta av kafeen, seier lærar Bjørkedal.

Ho håper prosjektet kan halde fram til hausten også, og seier dei jobbar med å få på plass finansiering.

Elevane er samde om at kafeen er ei fin avveksling frå den vanlege undervisninga.

– Vi får kome ut og møte nordmenn og øve oss i norsk, seier Hadas.

– Dette er ei veldig god miljøforandring for dei. Det er norskundervisning i praksis, seier Bjørkedal.

– Kva er best då, kafé eller vanleg skule?

– Kafé! seier elevane etter å tenkt seg litt om.