Are Kalvø har saman med Ingrid Bjørnov skrive ein musikal om nynorsken.

Spynorsk: The Musical er inspirert av nynorsk ordliste og Ivar Aasen og blir beskrive som «kontrafaktisk forteljing om Ivar Aasen, ein harselas med og ei hylling av nynorsken – og ein satire over norsk samtid og politikk».

Kalvø og Bjørnov har tidlegare laga musikalen «Halve Kongeriket: Norsk Politikk – The musical». No har dei valt å samarbeide igjen.

– Dette gjekk på eit merkeleg vis opp i ei høgare eining. Her har vi noko, tenkte eg og slo på tråden til komponist Ingrid Bjørnov. Ho tente straks på ideen og har snikra låtar fulle av fengande refreng, inspirerte av alt frå funk og rock til punk, står det i pressemeldinga.

Musikalen har premiere 13. april på Det Norske Teatret.