34 stilte til start i løpet, som byrja i fjøra på Sæbø og enda rett under toppen på Dalegubben (1344 m.o.h.). Fjellet har fått renessanse som turmål etter at råsa er rusta opp.

Fleire av deltakarane var med på toppturfetivalen "Peakbook summit", der tilreisande toppturentusiastar fekk fullklaff med sitt Hjørundfjordbesøk i helga.

Lokal spreking

Men den lokale sprekingen Andreas Skylstad var det ingen som kunne matche i løpet, som vart arrangert for første gong. Skylstad vann også Saksa opp for to veker sidan.

Vinnartida var 57,20. Det var inga klasseinndeling, men fleire lokale veteranar gjorde det bra i motbakkane. Jan Ove Juliebø fekk tida 1:10:40, Arild Bjørdal 1:20:18 og Arild Stokke 1:25:09.

Ein som verkeleg var på heimebane var Knut Hustad, som brukte 1:36:27.

Kvinneklassa vart vunne av Lycy Jancus frå Hornindal på 1:11:01, medan Linn Therese Helgesen stod for dagens kanskje sterkaste prestasjon. Den 12 år gamle jenta kom på andreplass i kvinneklasse med tida 1:11:27

Lucy Jancus- vinnar av kvinneklassa Foto: Johan Hustadnes