Ein mann frå Ørsta vart på laurdag utsett for telefonsvindel. Engelsktalande personar opplyste over telefonen at dei var frå Microsoft, og at dei hadde oppdaga ein feil på datamaskina til familien. Svindlarane fekk tilgang til datamaskina og dermed også m.a. nettbank.

– Det er førebels uklart eventuelt kor mykje svindlarane klarte å få tak på, opplyser operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Saka vert meldt. Politiet har tidlegare gått ut og åtvara mot denne typen telefonsvindel, og dei oppfordra publikum til å ikkje innleie dialog med personar som ringer og opplyser at dei vil "fikse" eit problem med datamaskinene i huset.

– Det er fleire på kvar vakt som har ringt. No er vi inne i ein periode der dei tydelegvis er aktive på Sunnmøre, seier Harang til Sunnmørsposten og legg til at ein del av taktikken til svindlarane er å ringje til fasttelefonar.

– Det er spesielt litt eldre og høgst oppegåande folk som har tatt kontakt med oss.