Politiet har vorte kontakta av fleire personar som har vorte oppringde av personar som seier dei er frå Microsoft data.

– Personane seier det er noko feil med datamaskinane i heimen, eller noko liknande. Dette er svindelforsøk, som ein ikkje må svare på, åtvarar operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.