Etter framlegg frå Frp vart det også vedteke å greie ut om også helsestasjonen kan få plass i same etasje.

- Dette er også eit ønske frå helsestasjonen sjølv, seier Odd Magne Vinjevoll (FrP).

Karen Høydal (Ap)meiner Nordeabygget ikkje vil vere ei god nok løysing, og viser mellom anna til behovet for universell utforming, og at eit legesenter i andre etasje vil vere vanskeleg tilgjengeleg.

- Seier vi nei til Nordeabygget er vi tilbake på null, kommenterte Gunnar Knutsen (V).

Han viser til at nybygg vil ta lang tid å realisere.

- Vi veit heller ikkje korleis framtida vert med tanke på kommunereforma, med nye oppgåver og nye utfordringar.

Ved å etablere legesenter i Nordeabygget vil dette gi kommunen betre tid til å vurdere andre løysingar.

I vedtaket står det også at administrasjonen i 2022 skal legge fram sak om samordning av helsetenester på BakkOla-marka.

Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret 19. mars.

Bakgrunnen: