- Dette vert min største nedtur som ordførar. Eg torer knapt å sjå legane i augo, og fortelje dei om dette vedtaket. Men eg er nøydd til å gjere det.

Det sa ordførar Rune Hovde (H) då det vart klart for han at det var fleirtal for å utsetje saka om leige av Nordea-bygningen til nytt legesenter.

Dramatisk

Det vart dramatisk då Frp, Sp og Ap samla seg om eit utsetjingsforslag, der det vert bedt om at det vert laga ei alternativ utgreiing for legesenter i kommunal regi på Bakka-Ola-marka.

- Vi forseinkar ikkje saka. Vi utset henne til april, og får fram eit alternativt forslag. Det gjer kommunestyret tryggare på beslutningsgrunnlaget, sa Stein Aam (Sp).

- Kan hende er Nordea-bygningen og det å leige det beste alternativet. Men kanskje burde her ha vore grundigare bakgrunnsmateriale. Vi skal ha eit legesenter for femti år. Det kan hende vi får det til også på Bakk-Ola-marka, sa Odd Magne Vinjevoll (Frp).

- Dette er i praksis ei utsetjing på fem år, sa Hovde. Dersom det skal byggast eit nytt legesenter i kommunal regi på Bakk-Ola-Marka, meiner Hovde dette er tida det tek å rydde plass i økonomiplanen. Finansieringa av eit slikt legesenter vil kome bak ny Vartdal skule, fleirbrukshall og omsorgsbustader i køa, ifølgje ordføraren.

Det vart ein knallhard debatt, og der særleg Høgre sine representantar uttrykte sjokk og sinne over at legesentersaka endå ein gong vert utsett. Det skjedde etter at både rådmannen og kommunelegen under starten av sakshandsaminga hadde lovprisa at legesentersaka såg ut til å nå ei avgjerd.

- Ei ørkenvandring er over, sa kommunelege Arne Gotteberg.

- De er modige

Men då fyrst Ap, så Frp og til slutt Sp uttrykte skepsis til å ta ei avgjerd om legesentersaka på møtet torsdag kveld, vart det klart at det ikkje kom til å verte noko vedtak om å leige Nordea-bygningen til nytt legesenter no.

- De er modige, de som skal ut og møte veljarane viss dette vert konklusjonen. De er modige overfor legane som i årevis har arbeidd i kummerelege forhold. Ærleg talt folkens, dette handlar om politisk handlekraft. Skal vi fortelje veljarane at  vi har fått noko til, eller berre fortelje at vi går i ring. Men kan hende det er det de likar, sa Høgre sin gruppeleiar Per Are Sørheim vendt til representantane til Sp, Ap og Frp.

Møre-Nytt spurde utleigar Arne Johan Rebbestad om intensjonen med å leige ut lokale i Nordeabygningen framleis står ved lag om to månader. Det ville han ikkje svare på no.