Etter å ha kjempa hardt mot Gjøvik laurdag føremiddag, tapte Volda sin første kamp om 1.divisjonsspel med to mål.

I sin andre kamp var det vinn eller forsvinn. Med tap mot Bravo kunne Volda-damene takke farvel til 1.divisjonsspel neste sesong.

- Dei har gjort dette vel spennande, kommenterer dagleg leiar Arild Bakke, undervegs i kampen.

Med siger over Bravo er Volda-damene sikra ny kamp om 1.divisjonsspel søndag føremiddag.

Og det var tydeleg at dei var svoltne.

Volda trykte inn det eine målet etter det andre, og var raskt oppe i ei 0-5 leiing over Bravo.

Volda gjekk til pause med ei trygg seksmålsleiing.

Bravo sleit med spelet heile vegen, og truga aldri den solide leiinga til Volda. På det meste var det fjorten mål opp.

Sluttresultatet viste 20-33 i Volda sin favør.

- Vi veit at vi er betre enn det vi presterte mot Gjøvik tidlegare i dag, og det viser dei også her, men det kokar nok i hovudet på jentene, seier Arild Bakke.

Han er nøgd med innsatsen mot Bravo, og held oppe trua på siger også i kampen søndag føremiddag.

Då møter Volda anten Pors eller Fyllingen.