Ein fullsett Voldahall klarte ikkje å heie fram Volda sine handballdamer då dei spelte opningskamp i kvaliken til 1. divisjon mot Gjøvik laurdag føremiddag.

Etter ein jamn og spennande 1. omgang gjekk Volda-damene til pause med ei eittmålsleiing, 13-12.

I andre omgang tok Gjøvik grep om kampen, og på det meste låg Volda under med seks mål.

Dei siste ti minutta henta dei seg inn att, og Malene Aambakk sette det siste målet i kampen i favør Volda, 30 sekund før slutt, men sluttresultatet viste 25-27 til bortelaget.

Keeper-spelet til Gjøvik gjorde det tidvis vanskeleg for Volda, og også ute på bana kasta Volda vekk mange sjansar.

Kvalifiseringa

Det er seks lag som spelar kvalifisering i Voldahallen denne helga. Dei seks laga er alle puljevinnarar i 2. divisjon, og skal kjempe om tre opprykksplassar.

Laga er delt inn i to puljar, og vinnar i kvar pulje rykkjer opp. Søndag er det kamp om den siste plassen.

Volda møter Bravo til sin andre kvalifiseringskamp laurdag klokka 17.30.