Terje Kjøde kjem med fleire eksempel på kordan pronomenet «eg» kan bytast ut, med f.eks. «ej». Vil ein gjere endringar i nynorsken så er det få som tenker på drastiske tiltak av dette slaget. Poenget er at dei ulike orda i skriftspråket har ulik «tyngde». «Eg» er eit av dei viktige orda i nynorsken med mest tyngde. Eit anna ord er «ikkje». «Jeg» og «ikke» ville altså ta seg dårlig ut i nynorsken. (mildt sagt). Slik er det også med mange andre ord. Så dermed er vi framme ved sakas kjerne.

Då står vi att med ei rekke med ord i nynorsken som ein ofte føler ikkje er så viktige å bruke. Seier ein «ferge», og nesten aldri «ferje», bør ferge gå an å bruke på nynorsk. Realitetane er at nynorsken ikkje har muligheit til å leve uforandra utan å vere påvirka av den sterke part, bokmålet. Men pga. dette faktumet har nynorsken tross alt endra seg litt opp gjennom tiåra. Men no: For lite!!!

Kven skal bestemme kva for endringar som skal kome? Det må folket, og journalistar, gjere gjennom dei orda dei brukar. Og ein må ha språksans for å bestemme ordbruken. Ein må vere radikal, på forsiktig vis. Og det er enklare sagt enn gjort.

Det første ein kan slutte å bruke på nynorsk er «Noreg». Dei som held på dette beviser tydelig at dei ikkje har forstått kor problematisk det er for nynorsken å overleve. Endåtil på Vestlandet vil nynorsken skrumpe, trulig.

Helge Aarseth, Volda.