Eg synest det er artig og kjekt med språk. I teorien. Eg burde i alle fall vere det, eg er jo journalist. Ord er mektige våpen står det på Ver Varsam-plakaten. I praksis er det kanskje litt annleis.

Ein skulle tru at eg lærer kvar gong folk rettar på meg. Men neida. Dei same feila kjem gong på gong

For 6–7 år sidan studerte eg norsk språk og litteratur. Eg hugsar vi måtte lage lange krunglete syntaksanalysar og gjekk gjennom ord og bøyingar på ein grufullt smått og historisk nivå. Men kvifor insisterer eg framleis på å skrive feil? Eg har trass alt tatt opp studielån for å lære dette.

Er det fordi eg ikkje vil lære? Eller har eg blitt for gammal? Nei, frontallappane vart jo nettopp ferdig utvikla. Eg er sikkert berre krass, for kvar gong eg skriv feil, meiner eg sjølvsagt at eg har rett og at det er professorane/ordboka som tek feil, noko som fører til at eg vil endre språket på eit fundamentalt nivå.

Men korleis endrar ein eigentleg språket? Kven er det eg må spørje? Eg meiner det. Kven? Kvifor kan eg ikkje skrive «ferge» på nynorsk, det er jo slik eg seier det? Kven må eg sende ein søknad til for å få ferge inn i den spynorske mordlista? Eg tek kampen for oss alle.