Den nye journalisten i Møre-Nytt vil helst skrive «ferge», og ikkje «ferje». Med dette synleggjer han i røynda nynorskens store dilemma. Det verste av alt er at dei fleste nynorskbrukarar ikkje ser ut til å forstå problematikken nynorsken har rett framom seg. Dei som styrer med nynorsken ser ikkje ut til å forstå at korkje Volda eller Ørsta ligg i det vi kan kalle «nynorskland». Vi ligg også i «bokmålsland» fordi vi blir til daglig «bombarderte» med ord og uttrykk frå bokmålet. Vi kan ikkje melde oss ut av Norge, og skape oss ein eigen nynorskstat. Då blir realiteten at nynorsken må krype til korset og innsjå at f.eks. namnet på landet vårt, Norge, er like rett for dei fleste i Ørsta-Sunnmøre som for oslofolk. Her er mange liknande eksempel: Korfor skriv så mange «kvifor» når talemålet er dominert av «korfor»? Og korfor skal så mange adjektiv ha endinga « -leg» når dei aller fleste seier f.eks. «vanskelig»?

Poenget er altså nynorskens manglande evne til å utvikle seg i tråd med den språklige utviklinga. Dei yngre viser kor veien går. Til ei viss grad kjem nynorsken tross alt til at det må gjerast endringar p.g.a realitetane. Nynorskordlista har 17 sider med ord som i stor grad blir brukte i «nynorskland», men som vi blir råda til å IKKJE bruke. Dette rådet fortel mykje om manglande forståelse. Korfor skal ein bli «tvinga» til å skrive «åtvaring» når det er «advarsel» som er det spontane ordet?

Konklusjon: Trulig må nynorsken tillate ei stor mengd valfrie former. Vi må kunne velge mellom velje /velge og Norge/ Noreg. (osv.) Mange eldre er nok ueinige med meg, men det spelar inga rolle. UTVIKLINGA er tydelig, og ho blir trekt nedover «haudet» på oss alle.

Helge Aarseth, Volda