Ja, kvifor får eg ikkje skrive ej, eller je, jei, æ, i, ei og ai i staden for eg, eller haud, hove, hue og hugu i staden for hovud? Ja, det kan kanskje journalist Jonas Otneim her i avisa lure på. Han som har det så vondt fordi han ikkje får skrive bokmålsordet ferge i staden for ferje. Men det får han. Privat. Då kan han skrive ferje opp og ferje i mente, for min del også fergje, ferhje og ferghe. Men som journalist i ei nynorskavis i Ivar Aasens heimbygd skal han skrive ferje og berre det. Dersom han ikkje greier det på eiga hand, lyt han få hjelp frå redaktøren. Privat rettskriving høyrer heime i privatlivet. Ikkje i ei redaktørstyrt avis.

Terje Kjøde

Ferjepassasjer no og då.