Fleire frå Ørsta og Volda oppnådde strålande resultat under Fjordhest-NM i Førde førre veke. Blant dei var Isabell Engjaberg Øye (36) frå Ørsta med fjordhesten hennar, Brautar, som no kan kalle seg Noregsmeister i seniorklassa. I tillegg gjekk Volda Rideklubb til topps i den uoffisielle lagkonkurransen der Isabelle Engjaberg Øye stilte saman med Ida Standal og Randi Mork.

Konkurransen i Fjordhest-NM for senior inneheldt riding i tre klasser. Klassene bestod av dressur, maratonkøyring (vogn) og sprang. Poenga vart lagt saman frå kvar klasse før vinnaren vart kåra. Isabell Engjaberg Øye sigra, men stemninga var spent heilt fram til siste klasse.

– Det var ei veldig tett poengfordeling, så vinnaren vart ikkje avgjort før siste grein. Mykje trening ligg bak, så det var veldig kjekt at det gjekk så bra, fortel ho.

Voldingen Liv Jorunn Nyhagen sikra seg tredjeplass i same klasse. Volda Rideklubb vann den uofisielle lagkonkurransa, der Engjaberg Øye, Ida Standal og Randi Mork stilte saman og reid ei klasse kvar.

Interesse for hestesport

Isabell Engjaberg Øye har hatt fjordingen sin Brautar i 11 år. Ho har hatt andre typar hestar tidlegare, men Fjordhest viste seg å vere hennar favoritt.

– Fjordingar er veldig trygge og gode. Men først og fremst er dei veldig allsidige. Denne allsidigheita kjem tydeleg fram i denne Fjordhest-konkurransen der dei må prestere i alle tre klassene, forklarar Isabell.

Isabell har delteke i meisterskapet sju gongar tidlegare. Også i 2011 fekk ho tittelen Noregsmeister, og i 2010 fekk ho andreplass. Interessa for riding byrja allereie då ho gjekk i tredjeklasse på barneskulen. Det starta med turriding, men det utvikla seg etter kvart til trening og konkurransar. No trenar ho dressur om lag to-tre gongar i veka.

– Vi er avhengig av å trene jamt og trutt for å få resultat. Ridehallen i Ørsta er gull verdt. Eg håper det snart kjem på plass kva som vil skje med hestesportanlegget i Ørsta, seier Isabell.

Hestesportanlegget var tidlegare tenkt at skulle plasserast på Utstillingsplassen der ridehallen står plassert. Dette endra seg då kommuna vedtok at Fleirbrukshallen skal byggjast der. Kva som vil skje med hestesportanlegget er no usikkert.

<strong>Vinnarar:</strong> Volda Rideklubb vann den uoffisielle lagkonkurransen i Fjordhest-NM i Førde. Med på laget var f.v. Isabell Engjaberg Øye, Ida Kristine Standal og Randi Maud Mork. foto: andreas eikrem. Foto: Andreas Eikrem