Noreg, med ørstingen Simen Vatne Haram i startoppstillinga, slo Hellas i før kamp i EM for G19.

Mot Island fredag tok Noreg leiinga, men Island slo tilbake og kampen enda 1–1.

Måndag kveld kunne Noreg sikre seg avansement til semifinalen. Spania, som hadde vunne dei to første kampane, var motstandar. Før kampen låg Noreg på 2.-plass i gruppa, men for å vere sikra avansement måtte Noreg spele uavgjort eller slå Spania.

Vatne Haram starta og spelte heile kampen måndag. Spania opna kampen klart best, men etter kvart klarte Noreg å spele seg inn i kampen. Til pause var det mållaust. Begge lag skapte sjansar, men det vart ikkje utteljing verken for Spania eller Noreg. Kampen ebba ut på stillinga 0–0. Med eitt poeng var Noreg historiske. Dette er først gong eit G19-landslag har tatt seg til semifinale i eit EM.

– Det er nesten umogleg å beskrive korleis vi har det no, men det er helt fantastisk, seier Haram til fotball.no.

– Vi har mange forskjellige typar i gruppa og det er mykje energi. Det skjer noko heile tida og det er umogleg å ha ein kjedeleg tur med denne gjengen.

Semifinalen mot Portugal blir spelt torsdag denne veka.