– Eg tenkte umiddelbart at dette er ein glimrande idé, seier ordførar i Ørsta, Rune Hovde.

Søkt løyve

Tysdag melde Ørsta Brettklubb (under skiping) til Møre-Nytt at dei ønskjer å ta over den tidlegare bruktbilhallen ved Ørsta Brygge, som skal fjernast frå staden. Dei har sendt brev til kommunen der dei legg fram ønsket om dette, og der dei søkjer løyve om å flytte den til grusbana ved Ørsta stadion.

Dei argumenterte for at dette ville vere ein ideell plass for hallen, då det allereie er mykje aktivitet i området, som bidreg til eit inkluderande miljø. Målet er å etablere eit organisert rullebrettmiljø før fleirbrukshallen kjem på bane, då tilbod for rullebrettkøyrarar  etter planen vil bli integrert der.

LES OGSÅ: No kan Ørsta få sin eigen rullebretthall

Positiv

Ordførar i Ørsta, Rune Hovde har uttalt seg om saka, og han stiller seg svært positiv til initiativet. Han vil sende ut eit politisk signal om at dei også ønskjer å få til dette på best mogleg måte.

– Å lage om hallen til skatehall vil komplimentere tilbodet som er i Volda. Beste investeringane ein gjer er å leggje til rette tilbod for born og unge.

Hovde er samd i argumentet om at hallen må plasserast sentralt, og han roser eldsjelene som har gått saman om å ville få til tilbodet om rullebretthall.

– Det er heilt sentralt at dei står saman om initiativet.

Han vektlegg også verdien i at tilbodet må lagast til på ein gjennomført måte.

– Er ikkje tilbodet bra nok kan interessa fort gå ned.

Plassering

Vidare trekkjer ordføraren fram at han ikkje kan seie noko om reguleringar til kommunen angande plassering av hallen. Men han peikar på at hallen ikkje må vere til irritasjonsmoment for nokon.

Det var organisasjonen Ørsta Sentrum som inngjekk avtale om å ta over hallen, og styremedlem i Ørsta Sentrum, Gunnar Knutsen, var pådrivar for at hallen kunne brukast som rullebretthall. Han er overtydd om at det ligg ein verdi i å samle aktivitetstilbod, og han har tru på at det skal vere råd å plassere hallen i området som er tenkt, då det berre er søkt om mellombels plassering.

– Eksisterande reguleringsplan skal uansett takast tak i, og det skal vere laga ein ny reguleringsplan innan oktober, seier Knutsen.