(Romsdals Budstikke): Midtstoppar Roseth er ein av Molde sine viktigaste brikkar i kampen om avansement i Youth League. Når Monaco sine stjernespelarar kjem på besøk i 16.-delsfinalen onsdag kveld, må Roseth og kaptein Leo Skiri Østigård ta størsteparten av ansvaret for at MFK står imot defensivt.

– Dei har mange gode angriparar, og det blir jo spesielt å møte Pietro Pellegri som kostar 250 millionar kroner. Det skal bli artig å få bryne seg på han, seier Roseth til Rbnett.

– Monaco har defensive svakheter

Både han og resten av MFK-leiren er overbevist om at det kan bli heimesiger på Aker Stadion sjølv om Monaco er favoritt.

– Eg forventar at vi leverer ein god kamp, gir dei skikkeleg motstand heile vegen og vinn til slutt. Dei har heilt klart sine svakheiter defensivt, og dei må vi utnytte. Då har vi ein god sjanse, meiner Roseth.

19-åringen har vore med på begge NM-gulla til juniorlaget. Han gler seg stort over deltakinga i Youth League.

– Vi har hatt mange store opplevingar med dette laget. Det er artig at ein kompisgjeng får til noko sånt saman. Men no må vi berre tenke på Monaco og ikkje på kva som kan skje etterpå, slår han fast.

Truleg til 1. divisjon

Skader øydela nesten hele fjorårssesongen, men no er sunnmøringen tilbake for fullt. Tidlegare i veka signerte han ein ny A-kontrakt med Molde, som varer ut sesongen 2021.

– På sikt er målet mitt at eg skal spele meg til fast plass på eliteserielaget til Molde, men akkurat no er konkurransen så stor at det sikkert er lurt å gå på lån først. Eg er innstilt på at det blir slik denne sesongen.

– Kva for klubbar er aktuelle?

– Det jobbar MFK med. Det viktigaste for meg er å spele fast på så høgt nivå som mogleg. Eg reknar med det blir klart i slutten av veka viss vi skulle tape mot Monaco. Viss vi går vidare, blir det vel utsett, seier Roseth.

Solskjær: – Martin er framtida

Ole Gunnar Solskjær bekreftar at Roseth skal lånast ut.

– Martin kan fort bli framtida til klubben saman med Leo Østigård og fleire av unggutane, men vi har mange midtstopparar i A-stallen. No må vi finne det rette nivået der han skal spele i år. Det blir truleg i 1. divisjon eller i ein eliteserieklubb som kan garantere speletid. Han er god nok til det, seier Ole Gunnar Solskjær.

Denne saka vart først publisert av Romsdals Budstikke.