Søndag 21. august er dagen for å ta fram sykkelen og ta turen til Dalsfjorden. Marine Harvest vil nemleg denne søndagen, i samarbeid med Ørsta sykkelklubb, Ørsta og Volda Røde Kors og andre lokale idrettslag, arrangere sykkelritt rundt fjorden.

Sykkelrittet er på til saman 43 kilometer, og rittet vil ha to puljar. Trim vil starte klokka 11.00, deretter vil turkonkurransen starte klokka 13.00.

– Dette er eit ritt for alle. Ein fin tur for familiar, og ein god måte for syklistar å få opp forma til Birken, kommenterer regionsdirektør Asgeir Hasund.

Open dag

Marine Harvest vil dessutan ha open dag på anlegget sitt i Steinsvika, der det vert servering av mat og omvising på anlegget for dei som vil.

– Steinsvika ligg inst i fjorden, halvvegs i rittet. Det er ein perfekt plass for å raste, få omvising om ønskjeleg, for så å sykle vidare til Lauvstad, forklarar Asgeir Hasund.

– Vi vil råde dei som kjem til å setje frå seg bilen i Volda og ta ferja med sykkelen til Folkestad, for så å ta ferje heim frå Lauvstad til Volda til slutt.

– Det vert delt ut t-skjorter til alle deltakarar, og litt diverse andre premier. Vi håper mange stiller opp, seier dei.