Vartdal sitt J14-lag opna Norway Cup søndag med ein solid 9-1-siger over Bjørn IL. Måndag vart det 3-0-siger over Moster. Sidan Lom også hadde vunne sine to første kampar var Vartdal klare for a-sluttspel uansett korleis det gjekk i siste kamp. Vartdalsjentene gjekk for siger også mot Lom, og onsdag morgon sikra dei seg gruppesigeren med 6-0-siger. Som gruppevinnar går laget direkte til 16.-delsfinale mot Årvoll som vert spelt onsdag kveld.

G16-laget til Vartdal opna med 4-4 og uavgjort mot Åndalsnes søndag. I andre kamp mot Stegaberg IL måndag ettermiddag vart det 5-3-siger. Vartdal toppar gruppa før siste kamp mellom Åndalsnes og Stegaberg som vert spelt Tysdag kveld.

Ørsta stiller med J15/16-lag under Norway Cup. I første kamp mot Bryne vart det 1-2-tap, og i andre kamp mot Tornado Måløy vart det 0-1-tap. Tysdag ettermiddag spelar Ørsta siste gruppespelskamp mot Blåmann IL.

Volda sitt G14-lag har markert seg med to kalassigrar i dei to første kampane. W. A. Acadamy vart slått 16-0 i søndag, og måndag vart det 10-1-siger mot Haugerud. Volda møter Sarpsborg FK og Sædalen i gruppespelet tysdag.

Folkestad stiller med G14-lag og opna Norway Cup med 5-2-siger over Fyresdal IL. I andre kamp vart det tap 2-4- mot Hjelset Kleive. Trio/Halsnøy er motstandar i siste gruppespelskamp tysdag.