Ørsta sitt G16-lag var det første lokale laget i aksjon under årets Dana Cup. Motstandar i første kamp var norske Kvinesdal IL, og det enda med 1-2-tap for ørstagutane. I andre kamp stod Pequeninos do Jockey på motsatt banehalvdel. Det brasilianske laget vann kampen 3-0. Onsdag vart det 0-0 mot Jutul i siste kamp i gruppespelet, og G16-laget gjekk til b-sluttspel. Sverresborg FB var motstandar i 32.-delsfinalen torsdag, og Ørsta gjekk sigrande ut 2-0. I 16.-delsfinalen vart Express IL slått 4-0. Fredag morgon var Madla IL motstandar i 16.-delsfinalen. Ørsta-gutane vann kampen 3-1 og møtte Sampa Futebol Arte frå Brasil i kvartfinalen fredag føremiddag. Det enda til slutt med 5-6-tap.

G14-laget møtte også norsk motstand i Forus og Gausel IL. Etter rapportane var det ein jamn kamp. Ørsta hadde avslutningar både i stolpen og tverrliggjaren mot slutten, og hadde ikkje marginane på si side. I andre kamp møtte G14-laget god motstand i Angeln FC. Det tyske laget vann kampen 7-1. I siste kamp mot Nesbyen vart det Ørsta-jubel etter 3-2-siger. I 32.-delsfinalen i b-sluttspelet vart det 1-3-tap mot Skedsmo FK 2. God innsats og tendenser til godt spel var ikkje nok mot fysisk sterke og raske gutar frå Oslo-området.

- Dana Cup er over for G14-laget sin del, men dette gav sikkert meirsmak for deltaking neste år, seier trenar Frode Ose.

G15-laget til Ørsta møtte Brodd IL i første kamp tysdag. Kampen enda med 3-2-siger for Brodd. Onsdag morgon var det engelske laget Pro Touch Soccer Aca motstandar for Ørsta, og det enda mållaust mellom laga. I siste gruppespelskamp mot Skedsmo FK vart igjen 0-0 og uavgjort. Ørsta var dermed klare for b-sluttspel. Motstandar vart Staal Jørpeland IL, og Ørsta vann kampen 4-0. HEI IL vert Ørsta sin motstandar i 16.-delsfinalen.

Volda

Volda stiller med fire lag på Dana Cup i år. J14-laget, med fleire Hovdebygda-spelarar på laget, var først i aksjon tysdag, og slo norske Riska FK 2-0. Svenske Selånger FK 1 var motstandar i andre kamp, og det enda med 1-3-tap for voldajentene. I siste gruppespelskamp vart det 2-0-siger over Hauk, og Volda var klar for a-sluttspel. Fossum IF vart slått 5-4 på straffespark, 1-1 etter ordinær tid, i 16.-delsfinalen. Torsdag kveld var Forus og Gausel IL motstandar i 8.-delsfinalen. Igjen var stillinga 0-0 etter ordinær tid. I straffesparkkonkurranse vann voldajentene 3-1, og Selånger FK var motstandar i kvartfinalen fredag føremiddag. Etter ordinær tid stod det 1-1, og dermed straffesparkkonkurranse. Den vann det svenske laget 3-2, og tok seg vidare med 4-3-siger samanlagt.

J15-laget opna mot Bønes IL, og denne kampen enda 2-2. Det vart uavgjort, 1-1, også i andre kamp mot svenske Älvsjö AIK. I siste kamp mot Kløfta-Ullensaker-Kisa vart det 0-1-tap for voldajentene, og laget var klar for b-sluttspel. 4-1-siger vart det mot Skjergard IL i 16.-delsfinalen, men mot Søreide IL i 8.-delsfinalen vart det 3-5-tap.

G19-laget til Volda opna mot Hjørring IF 2 og det enda med 0-1-tap. I andre kamp mot Gullhaug-Holmestrand vart det siger 2-0. Siste kamp ville avgjere om Volda tok seg til a- eller b-sluttspel. Med 1-0 Göteborgs FF er Volda klare for a-sluttspel. Våg FK vart slått 5-1 i 16.-delsfinalen, men med 0-2-tap mot Raufoss i 8.-delsfinalen er G19-laget ute av Dana Cup.

G16-laget møtte Imås IL, og tapte 0-2. I andre kamp venta brasilianske motstand i CMCB-Ceará, og Volda gjekk sigrande ut 3-1. Med 4-0-siger mot Haslum IL i siste kamp tok G16-laget seg til a-sluttspel. I 32.-delsfinalen vart Sparbu-Sørlia IL slått 6-1. Mot Greåker IF i 16.-delsfinalen vart det tap 0-1 torsdag kveld.