Det har seg nemleg slik at Martin Ove som nyleg fylte 16 år, er med Molde Fotballklubb på Norsk Toppfotballs G 16-turnering for Tippeliga-klubber. Roseth er den einaste hospitanten som Molde har med. Det fortel det meste om at norsk fotballs flaggskip har god tru på den unge forsvarsspelaren. Martin Ove spelte back då det vart 3–3 mot Haugesund i opningskampen. Fullt så bra gjekk det ikkje for det unge MFK-laget da det vart 0-2-tap for Strømsgodset i andre kamp. Molde var fullt på høgde sjansemessig, men sleit med å omsette sjansane som vart skapt i teljande resultat. Martin Ove fekk spele midtstoppar i kamp nummer to. Han henta i det oppgjøret fram kvalitetane som har gjort han til landslagsaktuell på G16. Roseth gjorde det nyleg så bra på talentleiren i Porsgrunn at han er ein av dei på dette alderstrinnet som har status som landslagsaktuell.

– Eg er godt nøgd med min eigen innsats i Strømsgodset-kampen. Sjølv om vi gjekk på eit tap og det no kan verte vanskeleg å avansere til kvartfinale. Vi er nøydde til å slå puljevinnar Bodø/Glimt i siste kamp for å ha mulegheit til å gå vidare. Det er ikkje umuleg ettersom vi har eit bra lag og har vore på høgde med dei andre spelemessig, sa Martin Ove etter kampen mot Strømsgodset.

Stortalentet irriterte seg litt over at dei ikkje slo Haugesund i opningskampen. I så fall hadde vegen til ein kvartfinale vore litt enklare. Roseth er samtidig oppteken av å bruke energi på det han kan få gjort noko med. Nemleg å førebu seg til resten av turneringa og ikkje minst sjå framover. Volda-spelaren som dei siste vekene har trent med landslagsaktuelle kandidatar i Porsgrunn, med Hødd og Molde, har tatt det nasjonale nivået med bravur.

– Korleis er det nivået i denne turneringa samanlikna med Porsgrunn?

– Eg vil seie det er ganske så likt. Det er naturleg så lenge dei fleste gutane som var i aksjon i Telemark er med her. Det går ein god del fortare enn det eg er vant med i klubbfotballen. Med- og motspelarar er jamt over hurtigare og betre teknisk. Speleforståinga er det heller ikkje noko å utsette på. Dei eg møter i seniorfotballen heime er tøffare fysisk.